Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om Knarvik legekontor og fastlegelista
Knarvik legekontor ligg i Knarvik, som er administrasjonssenter i Alver kommune. Det er gangavstand til kollektivknutepunkt og hurtigbåtforbindelse til Bergen sentrum (ca. 20 minutter). Køyretid med bil frå Bergen er omlag 30 minutt. Vi har parkering ved kontoret. 

Vi søkjer no etter ein fastlege som kan ta over ansvaret for ei pasientliste med 800 pasientar. Listelengda kan aukast etter avtale. Fastlegelistene ved Knarvik legekontor er godt ivaretakne av erfarne og stabile fastlegar over fleire år. 

Knarvik legekontor er eit kontorfelleskap med 5 fastlegeheimlar, organisert som DA (delt ansvar), og ein LIS 1 lege. Legane får utbetalt basistilskot etter § 8.1. Kommunen dekker 1/5 del av kostnadane for LIS 1 legen. Praksisen har tilsett faglig flinke og erfarne hjelpepersonell i 3,3 årsverk. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har eigen servarløysing med Infodoc Sky. Lokala er gode og tenelige. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar. Legane har sjølv ansvar for hjelpepersonell, drift og utstyr. Legekontoret leiger lokale via kommunen. For meir informasjon om Knarvik legekontor kan dagleg leiar Kamil Daibes kontaktast på epost: rnine2003@hotmail.com.

Kommunen har kjøpt ut tidlegare heimelshavar, og overdreg denne til ny heimelshavar til fastsett pris. Legen må inngå internavtale med dei andre legane ved kontoret. Husleigeavtale vert inngått direkte med kommunen. 

For ALIS - legar (allmennlege i spesialisering):
For legar under spesialistutdanning tilbyr vi ALIS-avtale på gode vilkår. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. Her kan du som er nyutdanne lese meir om ALIS-løpet. ALIS-tilskudd - Allmennleger i spesialisering (ALIS)

Om offentleg allmennmedisinsk arbeid og legevakt: 
I Alver kommune har vi legevakt ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik, 2 minuttars gange frå Knarvik legekontor. Vaktbelastninga for fastlegar som deltek er gjenomsnittleg to vakter i månaden på kveld, natt og helg, betalt etter eigen timesats. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, så det er mindre vaktbelastning på natt for fastlegane i kommunen. 

Det er p.t. ikkje knytt offentleg arbeid allmennmedisinsk arbeid til heimelen. Dersom det vert aktuelt med offentlig allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka vil pasienttalet på lista kunne reduserast etter avtale jf. ASA 4310. 

Alver kommune har vedtatt plan for legetenesta for 2023 - 2026. Du kan lese meir om den her: Plan for legetenesta i Alver kommune (framsikt.net). Kommunen har og ein generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin, godkjent i lokalt samarbeidsutval i 2024: Generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin - Alver kommune

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid som fastlege med ei godt opparbeidd og ivaretatt fastlegeliste 
  • Delta i gjensidig fråværsdekning ved kontoret
  • Delta i interkommunal legevakt i Nordhordland på kveld, natt og helg. Estimert vaktbelastning er 2 vakter per måned.

Kvalifikasjonskrav
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
  • Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning. Vi kan tilby ALIS avtale.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis

Kven er du?
Vi søkjer etter lege som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Du må og delta i ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane som og inkluderer arbeidsgjeveransvar for tilsette på forkontoret. 

Personlege eigenskaper vert lagt vekt på.

Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod. Er du nyutdanna vil du bli godt ivaretatt på kontoret.

Vilkåra for fastlegeavtale går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Bente Taule
Tittel: Avdelingsleiar legetenesta
Telefon: +47 47459725
E-post: bente.bo.taule@alver.kommune.no
Arbeidssted
Kvassnesvegen 48
5914 ISDALSTØ
Søk på stillingen