Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Arbeidsoppgåver
  • Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova.
  • Kommunal bistilling i inntil 20% av stillinga. 
  • Arbeid ved Sunnhordland Interkommunale legevakt med omlag 3 vakter pr. månad. 
  • Forventning om at ikkje-spesialist går gjennom strukturert utdanningsløp for å bli spesialist i allmennmedisin.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B, og disponering av eigen bil.
Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt i vurderinga. Me ynskjer at du: 
  • Har gode relasjons- og kommunikasjonsevner og samarbeidar godt med både pasientar og kollegaer.
  • Er sjølvstendig og har evne til å arbeide strukturert og vere løysingsorientert.
  • Har god arbeidskapasitet, er fleksibel og tilpasningsdyktig i møte med ulike situasjonar og utfordringar.
  • Er påliteleg, positiv og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr
  • Spanande og varierte arbeidskvardagar i eit miljø med fokus på høg fagleg kvalitet. 
  • ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin.
  • Løn og andre vilkår etter avtale. 
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
  • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato.
  • Ein må oppgje HPR-nr. i søknad.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og eventuelle attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. 

Dersom du har spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt med fagansvarleg lege Kristine Borgemyr.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Kontaktperson
Navn: Kristine Borgemyr
Tittel: Fagansvarleg lege
Telefon: 99380384
E-post: kristine.borgemyr@bomlo.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Øyane helsehamn
Svortlandsvegen 119
5430 BREMNES