Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst til å jobbe i eit fagleg engasjert miljø med gode arbeidstidsvilkår? Då er du kanskje vår neste
psykiater!

Vi har ledig 100% fast stilling for overlege med spesialisering i psykiatri. Andre spesialitetar kan vurderast. Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er spennande og variert, og grensar opp mot ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO har ofte samansette kognitive, medisinske og psykiske utfordringar. Målgruppa er i hovudsak personar med grunnlidingar som syndromer, utviklingsforstyrringar og utviklingshemming.  I tillegg kan det vere komorbide tilstandar som angst, affektive og psykotiske lidingar. Mange er unge vaksne som møter utfordringar i overgangen til vaksenlivet. 

I stillinga som psykiater/lege vil du ha fokus på tverrfagleg utgreiing, diagnostikk og behandling. Tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga, og du jobbar tett med andre faggrupper. Ein viktig del av arbeidet er rådgjeving og rettleiing til pasientar, pårørande og kommunehelsetenesta, samt til andre delar av spesialisthelsetenesta. 

Avdelinga består av psykologspesialistar, overlegar, vernepleiarar, pedagogar, ergo- og fysioterapeut med ulike tilleggsutdanningar. Det er til saman 23 tilsette ved avdelinga. Vi søker lege som har interesse for våre målgrupper og som ønsker å bidra til vidareutvikling av tilbodet. Stillinga er i utgangspunktet 100%, med det kan også vere aktuelt med deltid om dette er ønskeleg.

Avdelinga er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Avdelingane er i dag på ulike lokalisasjonar. Det er planlagd innflytting i felles bygg på Nordås i 2027.

Det er for tida inga vaktordning eller akuttfunksjon knytt til stillinga. Jobben vil gå føre seg på dagtid, og vi har stengd helgar og høgtider. Arbeidsforma er primært poliklinisk, men noe ambulant oppfølging må påreknast.

Tilsettingsdato etter nærare avtale. Avdelinga er i dag lokalisert i Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein. Det er gode høve til parkering.

Ta gjerne kontakt med seksjonsleiar, klinikkdirektør eller overlege i HAVO for ein uformell prat.

Sjå elles våre internettsider

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Råd og rettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Bidra i forsking, fagutvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet
  • Kurs og undervising 
  • Vurdering av tilvisingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Ønskeleg med spesialistgodkjenning i psykiatri, legar med annan relevant spesialitet er også aktuelle 
  • Legar utan ferdig spesialitet er også aktuelle søkarar
  • Interesse for og/eller erfaring frå fagfeltet
  • Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
  • Søkar må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team 
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø
  • Ønsker å vidareutvikle kompetansen din og bidra i fagutvikling    
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar og oppgåver
  • Opplæring og rettleiing
  • Arbeidstid som kan lett kan kombinerast med familieliv
  • Samarbeidsmøter med psykisk helsevern kvar veke, om felles pasientar  
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande avtale
  • Avtalefestet overlegepermisjon
  • Moglegheiter for hospitering hos andre HAVO i landet eller i psykisk helsevern


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Kjersti Agnete Erdal
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55918400
Navn: Beate Kristin Lilleheil
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55535031
E-post: beate.kristin.lilleheil@helse-bergen.no
Navn: Kjersti Kvalbein
Tittel: Overlege
Telefon: 55535000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
 Helse Bergen HF
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein
Søk på stillingen