Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med og forme framtidas helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal?

Vi søkjer ein framtidsretta og tydeleg leiar til ei spennande stilling som avdelingssjef ved Avdeling for radiologi SNR, Klinikk for diagnostikk. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å påverke utviklinga av diagnostikktenestene i eit høgteknologisk, innovativt og dynamisk miljø.

 

Om stillinga
Som avdelingssjef vil du leie eit team av dyktige radiologar, LIS-legar, radiografar og merkantilt personell som jobbar i eit høgteknologisk og innovativt miljø, med tett samarbeid internt i sjukehuset og med primærhelsetenesta. Samstundes får du ein sentral rolle i klinikken sitt leiarteam og blir ein viktig bidragsytar til strategisk utvikling på tvers av fagområde.

Avdelingssjef radiologi SNR har personalansvar for fire seksjonsleiarar og skal saman med leiarteamet sikre diagnostikktenester av høg kvalitet og gode rammevilkår for tilsette.

Avdelinga har over 80 heimlar, eit budsjett på omlag 110 millionar kroner, og er lokalisert med 24/7-teneste på Hjelset og dagtilbod i Kristiansund. Vi har tre tverrfaglege seksjonar – merkantil, radiograf og lege – og eit solid samarbeid i leiargruppa. Klinikk for diagnostikk er organisert på tvers med einingar på alle fire sjukehusa i fylket og består av fem avdelingar. Disse er Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Avdeling for radiologi Nordmøre og Romsdal, Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og Avdeling for medisinsk mikrobiologi.   

Du vil få påverknadskraft, høve til å drive innovasjon og moglegheit til å utvikle deg vidare som leiar. I tillegg får du vere med og levere helsetenester som gjer ein reell forskjell for pasientane våre – kvar dag.

 

Vil du vere med på vinnarlaget for å skape helsetenester for våre pasientar i eit spanande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!  

Oppstartsdato: Medio november/etter avtale. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Arbeidsoppgåver

  • Overordna leiaransvar for avdelinga: fag, drift, økonomi, personal og HMS
  • Lede og vidareutvikle avdelinga i tråd med strategiar og mål
  • Samarbeide tett med andre avdelingar og eksterne aktørar
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling
  • Rekruttering og oppfølging av medarbeidarar og leiarar
  • Aktiv deltaking i leiargruppa for Klinikk for diagnostikk
  • Noko reiseverksemd må påreknast mellom Hjelset, Kristiansund og dei andre sjukehusa i fylket

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Leiarerfaring og gjerne leiarutdanning. Dersom du ikkje har formell leiarutdanning, forventar vi at du tek dette innan tre år
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
  • Kompetanse og interesse for endringsleiing, organisasjonsutvikling og innovasjon

Personlege eigenskapar

  • Engasjert, framtidsretta og motivert
  • Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
  • Evne til å motivere og leie gjennom andre
  • Gode samarbeidsevner og evne til å byggje sterke team
  • Strukturert, løysingsorientert og med god gjennomføringsevne
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Innovativ, teknologisk interessert og utviklingsorientert
  • Høg arbeidskapasitet og toler hektiske periodar godt

Personlege eigenskapar og leiareigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
  • Spanande leiarrolle i ei utviklingsorientert verksemd
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomstar
  • Gode pensjonsordningar

 

Møre og Romsdal 
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Erik Tødenes
Tittel: Klinikksjef
Telefon: +47 70 10 50 00
E-post: per.erik.todenes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
KLINIKK FOR DIAGNOSTIKK, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Søk på stillingen