Vil du spesialisera deg innan kirurgi?
Då kan du bli ein av våre nye LIS 2/3 innan generell- og gastrokirurgi!
Vi har ei ledig fast utdanningsstilling som LIS 2/3 innan generell- og gastrokirurgi ved Stord sjukehus, med snarlig tiltreding. Det er også mogleg å søkja om du til sommaren er ferdig med distriktteneste.
Om avdelinga:
Kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus har for tida seks utdanningsstillingar for LIS, fordelt med tre innan ortopedi og tre innan kirurgi. Vi jobbar med å utvide til sju stillingar. Samarbeidet mellom dei to fagområda er tett og godt, og du vil bli ein naturleg del av eit inkluderande og erfarent fagmiljø.
Avdelinga har ein aktiv sengepost med 18 senger, kort liggetid og høg pasientgjennomstrøyming. Operasjonsavdelinga har fire operasjonsstover, og som LIS 2/3 hos oss, kjem du raskt i gang med assistanse og får etter kvart eigne operasjonspasientar frå din poliklinikk. Du får mykje ansvar tidleg, saman med tett oppfølging og god supervisjon.
Hos oss vil du få erfaring med eit breitt spekter av kirurgiske inngrep – blant anna brokk, galle, variser og proktologi.
Om sjukehuset:
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF og nærsjukehus for om lag 50 000 innbyggjarar. Sjukehuset har akuttberedskap innan føde og kirurgi, og urologisk teneste blir tilbydd i samarbeid med Haugesund sjukehus. Urolog kjem regelmessig til Stord for operasjonsdagar og poliklinikk.
Vi har også tett samarbeid med både Haugesund sjukehus og Haukeland universitetssjukehus.
Spesialisering og utvikling:
Ved Stord sjukehus kan du få inntil 24 månader teljande teneste som LIS 2/3 innan kirurgi. Det vidare løpet vil inkludera ei periode ved Haugesund sjukehus, før du fullfører spesialiseringa ved eit universitetssjukehus.
Sårbehandling:
Er du interessert i sårbehandling, har vi ein svært aktiv sårpoliklinikk. Dersom ønskjeleg, får du god opplæring i diagnostisering og behandling av kroniske sår – eit fagfelt i vekst, og ei nyttig erfaring å ta med seg vidare.