Kort om arbeidsgiver
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!
Les meir
Kvam herad har ledig 40 % stilling som sjukeheimslege.Me søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin med interesse for sjukeheimsmedisin, eller er spesialist i geriatri. Legar i spesialisering (ALIS) er også velkomne til å søkja.
Kvam herad har to sjukeheimer. Øysteseheimen har 28 langtidsplassar. Toloheimen i Norheimsund har 16 langtidsplassar og 16 kortidsplassar hvorav ein plass er for øyeblikkelig hjelp opphald. Som sjukeheimslege vil du samarbeida med andre yrkesgrupper og leiing. Kommunen har også tilsett legespesialist i 100% stilling innan sjukeheimsmedisin med base på Toloheimen i Norheimsund.
Om kommunen vår:
Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam:
https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/
Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legesenter i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Ålvik og Strandebarm. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er sjukeheimslegearbeid éin dag i veka (20%) og for tida er desse arbeidsoppgåvene ved Øysteseheimen. Total stillingsprosent er 40, då det er behov for fleksibilitet i samband med at sjukeheimslegen vikarierer for den andre sjukeheimslegen under ferieavvikling og korte fråvær. I tillegg må sjukeheimslegen vera tilgjengeleg for eventuelle telefonar frå sjukeheimen på dagtid man-fre.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheim (utgreiing, behandling og oppfølging)
- Pårørandesamtalar
- Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell i tenesta
- Tverrfagleg samarbeid
- Samhandling med sjukehus, fastlegar og andre faggrupper på sjukeheimen
- Bidra i kvalitets- og utviklingsarbeid innan sjukeheimsmedisin
- Det er eit ønskje, men ikkje eit krav at sjukeheimslegen deltek i legevaktsordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialisering innan allmennmedisin eller geriatri er ei føremon, men lege med gjennomført LIS1 kan også søkja
- Erfaring, interesse og kompetanse innan sjukeheimsmedisin
- God norsk muntleg og skriftleg fremstillingsevne
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, men skal ikkje leggjast ved søknaden
Personlege eigenskapar
- Målet vårt er best mogleg livskvalitet for bebuarane, og me ser etter ein lege som er fagleg trygg, stabil og strukturert, samtidig som du er fleksibel og tilpasningsdyktig i møte med skiftande behov. Digitale verktøy er ein integrert del av arbeidet, og me ønskjer ein lege som aktivt tek i bruk teknologi for å styrka pasientbehandling, dokumentasjon og samhandling.
Som sjukeheimslege hos oss vil du få arbeida med:
- Diagnostikk, utredning og behandling av pasientar
- Klinisk beslutningstaking med faglege utfordringar
- Kartlegging av skrøpelegheit, samtykkekompetanse, symptomlindring og vurdering av behandlingsmål
- Oppfølging av pårørande med kommunikasjon og etisk refleksjon
- Samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og kommunale tenester
Me tilbyr
- Mogleheit for å drøfta andre legeoppgåver i kombinasjon med stillinga som sjukeheimslege
- ALIS-avtale for legar i spesialisering i allmennmedisin, med veiledning og fri til nødvendige kurs og andre utdanningsaktiviteter
- Et sterkt fagleg og kollegialt nettverk med andre kommunale legar
- Eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte kolleger
- Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.