Har du eit brennande engasjement for palliasjon, eller kanskje ønskjer du å byggje kompetanse innan faget? Då kan denne stillinga vere noko for deg!
Palliativt team i Volda har ledig 30 % fast stilling som overlege. Stillinga kan fint tilretteleggast med annan arbeidsplass. Arbeidstid er primært dagtid måndag til fredag. Stillinga er ledig frå snarast og startdato kan avtalast.
Palliativt team er ei gruppe som gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi samarbeider med fleire yrkesgrupper og har ein spesiell kompetanse innan palliasjon. Teamet består av spesialsjukepleiarar, lege og fysioterapeut. Tilbodet vårt gjeld pasientar med alle diagnosar, men det er ei hovudtyngd innan kreft og ALS.
Vi arbeider tett med andre avdelingar i sjukehuset, kommunehelsetenesta og fastlegar, og vi har ei særskilt oppgåve med å spreie kompetanse og rettleie i palliasjon. Vi har poliklinisk og ambulerande verksemd, og har to dedikerte senger i medisinsk sengepost. Palliativt team er godkjent utdanningsinstitusjon for palliasjon. Vi søkjer etter ein overlege med relevant spesialitet og med eit engasjement for palliasjon.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Som lege i palliativt team har du ansvar for å yte avansert medisinsk behandling til pasientar i palliativ fase av sin sjukdom. Vi jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling og symptomlindring.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.