Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Det er frå 1.9.2025 ledig fastlegestilling ved Vossevangen legesenter på Voss. Dette er ein fastlegeheimel i ein veletablert praksis med fem fastlegar og LIS1 lege. Voss herad har etablert gode støtteordningar for næringsdrift (sjå under). Listelengde: Minimum 800 pasienter/1000 pasientar avhengig av erfaring/spesialitet

Om arbeidsstaden
  • Veletablert legesenter med 5 fastlegeheimlar + LIS1 og i periodar medisinstudent. Gode lokaler i 2.etg sentralt i Voss sentrum, moderne utstyrt, fleire av legane brukar ultralyd, gode kollegeale forhold og med aktiv bruk av sjukepleiarar/legesekretærar. Fysioterapi og spes. i augesjukdomar i same etg (felles pauserom).
  • Kontoret nyttar InfoDoc i Sky journalsystem.
  • Til saman har Voss herad per i dag 20 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 1-4 vakter i månaden
Arbeidsoppgåver:
  • Kurativ fastlegepraksis
  • Bidra til veiledning av LIS1 og medisinstudentar
  • Mogeleg med kommunal bistilling (sjukehiem, helsestasjon) dersom ønskeleg, men for tida ikkje tilplikta
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Fullført LIS1
  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialiering i allmennmedisin
  • Gode norskkunnskaper

Særlig om kommunale støtteordniger:
  • Ekstra basistilskudd (per 1.1.2025 1158 kroner per pasient per år)
  • Fri etter nattevakt med allmennlegeforeningen sine satsar for praksiskompensasjon
  • Kommunal gjenkjøpsgaranti (eigne vilkår gjeld)
  • Kommunen har etablert eigen daglegevaktordning der næringsdrivande fastlegar for tida er fritekne.
  • For tida inga tilpliktig av kommunale legeoppgaver, men dette kan i prinsippet endra seg.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Godkjend politiattest må framleggast før tiltreding i heimelen.
Tiltreding i heimelen føreset semje med eksisterande heimelseigar om vilkår for overdraging samt tiltreding til aksjonæravtale i legesenteret.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Attestar og vitnemål vedleggjast søknaden
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 94136967
E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no
Navn: Jonas Bucher
Tittel: Allmennlege
Telefon: 98073207
E-post: jonas@vossevangenlegesenter.nhn.no
Arbeidssted
Sverresplassen 4
5700 VOSS
Søk på stillingen