Ønskjer du ein spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen!
Radiologisk avdeling ved sjukehusa i Molde og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og frå 2025 flyttar vi inn i det nye sjukehuset (SNR) med fylkets første 3 Tesla MR.
Vi har no ledig fast stilling som LIS i radiologi, med oppstart 01.06.2025 eller etter avtale. Ved internt opprykk kan det også bli ledig vikariat.
Radiologisk avdeling i Molde/Kristiansund er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikerte overleger og eit godt, inkluderande LIS-miljø.
Opplæring skjer hovudsakleg i Molde/Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.
Attestar og tenestebevis frå evt tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad
Molde
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. https://www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/molde