Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Kort om arbeidsgiver
Masfjorden kommune ligg i naturskjøne omgjevnader 1,5 timars kjøring frå Bergen. Me tilbyr fastløn og fleksibel arbeidstid. Stillinga er knytt til Masfjorden legekontor. Kontoret har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling.
Arbeidsoppgåver fastlege
Fastlegeliste 600-800 pasientar
Det er lagt helsestasjonsoppgåver til stillinga
Fastlege deltek i Nordhordland legevakt (NLV) med 2-3 vakter i månaden. NLV er interkommunal legevakt for 6 kommunar i Nordhordland, stasjonert i Helsehuset i Knarvik
Me tilbyr
Arbeidstid med anledning til å jobbe lengre dager i kombinasjon med avspasering og heimekontor etter nærare avtale
Fastløn
Høgt fagleg nivå i våre tenester og eit kreativt og utviklande fagmiljø
Eit arbeidsfelleskap med ein lett og god tone
Samlokalisering i nytt kontorfellesskap, og tett samarbeid med andre kommunale helsetenester
Pensjonsordning i KLP
Hjelp til å skaffe bustad
Barnehageplass
Kvalifikasjonskrav
Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
Ynskjeleg med spesialitet i almennmedisin
Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt (Nordhordland legevakt gjennomfører kurs)
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Har du anna morsmål enn norsk er kravet B2
Førarkort klasse B, og disponere eigen bil
Godkjend politiattest, jfr helsepersonellova, før tiltreding i stillinga
Personlege eigenskapar vert vektlagte
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide sjølvstendig
Gode evner til samarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande
Gode evner til kommunikasjon
Fleksibel og løysingsorientert
Kunne bidra til eit godt miljø - både fagleg og sosialt