Er du ein entusiastisk lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna.
Vi har to faste LIS3-stillingar ledige med ønskje om snarleg oppstart. Er du LIS1 og ventar på plass, oppmodar vi også deg til å søkje. Søkjaren til LIS3-stillinga må ha fullført LIS1.
Hos oss i BUP finn du eit trygt og støttande fagmiljø. For tida er vi åtte overlegar, fem LIS3 og ein som ventar på LIS1-plass. I tillegg har vi ein overlege med pensjonistavtale som bidreg med sin erfaring og kompetanse.
Vi tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.
Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!
Hos oss legg vi stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagde
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden