Kort om arbeidsgiver
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8?000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Om stillinga
Sjukeheimslegen vår skal ha permisjon og vi har difor ledig vikariat i 50% stilling frå 01.05.25 til 30.9.25 ved Osterøytunet.
Osterøytunet er Osterøy kommune sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasienter og den siste gruppa er ei korttidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste som også har ansvar for heimebuande. Osterøytunet har også ØHD plass. Korttidsavdelinga tek imot pasientar som kjem frå sjukehus og skal vidare tilbake til eigen heim eller til andre tenester som t.d. langtidsplass i institusjonen.
Som lege arbeidar du tett saman med sjukepleiarteamet, helsefagarbeidarar og ergo- fysioavdelinga, og sjukepleiarane har eit tett samarbeider med heimetenesta om pasientar som er felles brukarar av komunale helsetenester.
Journalsystemet vi nyttar er Visma Profil.
Vi vil kontakte kandidatar og gjennomfører intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk fagleg ansvarleg på sjukeheimen
- Utredning, behandling og oppfølging av pasientar
- Pårørandearbeid
- Delta i tverrfagleg samarbeid kring enkeltpasientar
- Samhandling med interne og eksterne aktørar
Kvalifikasjonskrav
- Krav om norsk autorisasjon
- Krav om godkjent LIS1 eller tilsvarande
- Erfaring frå alders- og sjukeheimsmedisin er ynskjeleg
- Søkjarar må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gyldig førarkort
Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for alders- og sjukeheimsmedisin
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Dyktige og erfarne kollegaer ved sjukeheimen
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Konkurranse dyktig løn
Velkomen til ein svært variert og kjekk arbeidskvardag med eit vidt spekter av faglege utfordringar!
Spørsmål om stillinga
- Kommuneoverlege Anita Sørtveit, telefon 970 00 226, mail: anita.sortveit@osteroy.kommune.no
- Nestleiar helse, omsorg og sosial Åse Vevle, telefon 913 94 014 mail: ase.vevle@osteroy.kommune.no