Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

På Stord sjukehus blir du ein viktig del av eit engasjert fagmiljø, der vi jobbar tett saman for å gi trygge og gode tenester til innbyggjarane i regionen. Som gynekolog hos oss blir du sett, verdsett og utfordra – både fagleg og personleg. 

Her har vi gode støttetenester og tilbyr full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Fordelt på 5 kommunar, er opptaksområdet omlag 50 000 innbyggjarar. På eit lite sjukehus er kvar enkelt medarbeidar ekstra synleg, og me søker deg som er engasjert og ønsker å bidra til at sjukehuset held fram med å tilby gode tenester for innbyggarane.

Vi har moderne fasilitetar, eit solid kollegium med erfarne gynekologar og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og høg kompetanse. Du får vere med på å forme tilbodet vidare og bidra i eit seksjonert oppsett der denne stillinga hovudsakleg er retta mot obstetrikk. Det er omlag 400 fødslar og 500 gynekologiske operasjonar årleg, og vi har eit tett samarbeid med Haugesund sjukehus og Kvinneklinikken i Bergen ved behov.

Seksjonen held til i moderne lokalitetar. Eininga på Stord har 6 overlegestillingar med erfarne gynekologar. Gynekologane arbeider seksjonert og har fordelt arbeidet innan obstetrikk og gynekologi. Denne stillinga innebærer hovedsakelig obstetrikk. Årleg er det omlag omlag 400 fødslar og 500 gynekologiske operasjonar. Me har eit godt samarbeid mot Haugesund sjukehus, samt Kvinneklinikken i Bergen når seleksjonen krev det.

Vi håpar du kjenner deg igjen i det vi ser etter – og at du vil bli med oss vidare. Søk stillinga og bli ein del av laget vårt!

Stord er meir enn ein arbeidsplass – det er ein plass å leve godt. Her får du nærleik til både fjord, fjell og kyst, eit rikt fritidstilbod og gode oppvekstvilkår for familiar. Øya ligg sentralt til mellom Bergen, Stavanger og Haugesund – med eigen flyplass og direkterute til Oslo.

👉Les meir om Stord her

Arbeidsoppgåver

  • Fødselshjelp
  • Obstetrisk poliklinikk
  • Øh operasjonar (gynekologi/obstetrikk)
  • Vaktarbeid
  • Intern undervisning

Kvalifikasjonar

  • Relevant sjukehuserfaring
  • Erfaring frå arbeid i tverrfagleg team
  • Erfaring innan tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk er ein fordel
  • For stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, og spesialistgodkjenning innan gynekologi
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg tilsvarande Bergenstesten 8 (eller annan norsktest på B2 nivå)

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Tilpasningsdyktig
  • Sjølvstendig, samtidig må kunne fungere godt i team 
  • Ansvarsbevisst
  • Engasjert

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og Fritidsulykkeforsikring
  • Hjelp med bustad
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Elisabeth Sortland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 91801476
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Føde- og gynekologisk avdeling Stord sjukehus
Tysevegen 62
5416 Stord