Vi søkjer legar i spesialisering til faste stillingar. «LIS1 ventere»/Cand.med. blir oppfordra til å søkje engasjement.
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har også sentralsjukehusoppgåver med akutt sengepost, vaksenhabilitering, lokal sikerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Mars 2021 flytta vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP.
Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling.
Nyttig informasjon ved jobbsøking til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF.
Tilsetting snarast/etter nærare avtale.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.