Kort om arbeidsgiver
Ørsta kommune har om lag 11 000 innbyggjarar. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og eit rikt næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Vi har eit rikt kulturliv og flotte moglegheiter til variert frilufstliv, frå varierte turar i Sunnmørsalpane til havet ytst på Søre Sunnmøre.
I Ørsta kommune er det ledig vikariat som fastlege ved Ørsta helsesenter.
- ein heimel med listetak 650 i perioden 01.06.25 - 01.06.26 (oppstart 01.05.25 kan vere aktuelt)
- ein heimel med listetak 735 i perioden 01.07.25 - 31.07.26
- ein heimel med listetak 820 frå medio mai til ca. 01.09.25. Kan bli forlenga
Skriv i søknaden kva for vikariat du søker på. Det er ein fordel om du kan vere vikar i heile perioden, men vi vil også vurdere søknadar som ikkje dekker heile perioden.
Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.
Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.
Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Det er ein fordel om du ønsker å vere næringsdrivade fastlegevikar, men fast løn kan også vurderast.
Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.
Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling
Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, flotte lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.
Annonse - Webcruiter