Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Det er frå august 2025 ledig fast stilling for overlege innan ortopedisk kirurgi ved Kysthospitalet i Hagevik.

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng ryggkirurgi eller protesekirurgi. Sjukehuset har sengepost med 22 senger, og 4 operasjonsstover. Søker med erfaring innen ryggkirurgi vil bli foretrukket.

Kysthospitalet er tilknytta Det Medisinsk Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervising av medisinarstudentar. Legane må derfor bidra i undervisning etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Være spesialist eller nesten ferdig spesialist i ortopedisk kirurgi
  • Ha gode kommunikasjonsevner
  • Ha god kirurgisk kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Beslutningsdyktig og ryddig
  • Fleksibel og engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast og fungere i ein aktiv og travel klinisk kvardag

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Kari Indrekvam
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56565800
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF
Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik