Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 100% fast stilling for overlege i medisinsk mikrobiologi frå 1. september 2025. Mikrobiologisk avdeling har rundt 120 tilsette, deriblant sju overlegar, tre overlegar i bistilling og fem stillingar for LIS. Avdelinga tar imot eit rikhaldig assortement av prøver frå allmenn- og spesialisthelsetenesta.
Den som blir tilsett får arbeidsoppgåver innan heile det mikrobiologiske feltet. Forskingstilhøva ved avdelinga er gode. Stillinga inngår i vaktordning med heimevakt på ettermiddagar og helg/helgedagar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.