Kort om arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Legetenesta
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Vi har ledig 2 fast stillingar som lege i Sunnfjord kommune. Den eine er knytt til legekontoret på Skei der det jobbar 3 fastlegar og ein LIS1-lege. Den andre er ved Sande legesenter der det er 5 fastlegar og ein LIS1-lege.
Heimlane er ledig frå 1. juli 2025 på Sande, og frå 01.06.2025 på Skei. Det er 700 – 900 pasientar på listene, men pasienttalet kan aukast. Ein må rekne med inntil 20 % kommunal stilling.
Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande med 0-avtale. Vi kan og tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.
Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet.
Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk.
Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!