Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Statsforvaltaren si helse-, sosial- og barnevernsavdeling har til oppgåve å sakshandsame enkeltsaker og utføre tilsyn med kommunar, føretak og institusjonar. Avdelinga skal gi råd og rettleiing, drive utviklingsarbeid og opplæring samt gjennomføre nasjonale mål.
Vi jobbar på oppdrag frå mellom anna Helsedirektoratet og Statens Helsetilsyn.

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledig eit 1 års vikariat som assisterande fylkeslege.
 
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsoppgåver er å: 
  • sakshandsame klage- og tilsynssaker
  • gi informasjon og rettleiing til helsepersonell og helsetenestene i fylket
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein dyktig lege som:
  • har medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege
  • har godkjent spesialitet i eit klinisk fag eller samfunnsmedisin, søkarar utan ferdig spesialistgodkjenning kan og søkje
  • har god kjennskap til norsk helsevesen
  • forskingserfaring er ein fordel
Personlege eigenskapar: 
  • du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse 
  • du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne 
  • du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt 
Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr
  • lønn som assisterande fylkeslege, kr 890 000  - 1 090 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
  • gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk 
  • nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling 
  • varierte, interessante og viktige oppgåver 
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger 
  • HjemJobbHjem-ordning 
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.

Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Helse-, sosial- og barnevernsavdeling
Kontaktpersoner
Navn: Andres Neset
Tittel: Fylkeslege
Telefon: 414 46 943
E-post: andres.neset@statsforvalteren.no
Navn: Marit Bergeland
Tittel: Assisterende direktør
Telefon: 954 67 965
E-post: marit.bergeland@statsforvalteren.no
Arbeidssted
Lagårdsveien 44
4010 STAVANGER