Har du lyst til å jobbe på Norges nyaste og triveligaste indremedisinske seksjon?
Vår ambisjon er å vere ein av Norges beste indremedisinske seksjonar, med spesielt fokus på kvalitet, utdanning og arbeidsmiljø. I april flyttar vi inn i eit splitter nytt sjukehusbygg på Hjelset, 15min aust for Molde sentrum. Vi slår då saman fagmiljøa frå sjukehusa i Kristiansund og Molde. Medisinske legar vil bestå av ca 60 legar, samt 19 LIS1, og vi har spesialistar i samtlige indremedisinske fag. Vi er godkjent for utdanning i indremedisin, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin. Sengepostane er fagseksjonerte, og vi vil i løpet av 2025 opprette ei indremedisinsk senge-eining kor vi samlar pasientar med samansette indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar.
LIS3 blir prioritert til opplæring og utdanning. Etter endt introduksjonsperiode vert du fulgt opp vidare av rettleiar, med tid til rettleiing avsett i plan x 2/mnd, og med halvårlege vurderingskollegium. Du får god opplæring i vaktarbeid, medisinsk mottaksteam og i ultralyd for indremedisinarar, og du får ein kollegafadder som kan støtte deg litt ekstra i starten. I løpet av 2025 vil vi opprette eit sertifiseringsprogram i ultralyd for indremedisinarar, og samtlige LIS hos oss vil få moglegheit til å bli sertifisert i løpet av første år som LIS. Ein har gode moglegheiter for å delta på kurs og konferanser. Hos oss er alle på laget like viktige, og du skal få gode moglegheiter for fagleg utvikling til beste for pasientane våre. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø. No får vi nye og flotte lokaler også. Vi har kaffe i koppen, is i fryseren, fredagsbingo, felles lunsjer og åpen-dør kultur.
Vi har to vaktsjikt for LIS, LIS3-juniorsjikt (15-delt) og LIS3-seniorsjikt (10-delt). Kvalifikasjonskrava for LIS3-seniorsjiktet er totalvurdering i vurderingskollegium, 2 års ansiennitet, samt erfaring fra intensiv/overvåkning og kompetanse på ultralyd for indremedisinarar. Overlege er tilstade på huset til kl.21, og vi har anestesilegar, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog tilstade på huset heile døgnet. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikke må bere på meir ansvar enn du bør, og du er heller aldri åleine.
Vi treng no å få ein ny LIS3 med på laget. Om du er interessert i indremedisin, nyremedisin eller lungesjukdommar, så er vi interessert i deg!
Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omringa av nokre av Norges flottaste fjell? Sleng inn ein søknad da!