Er du ein lege med hjarte for førebygging og eit helsefremmande arbeidsliv?
Bedriftshelsetenesta og yrkesmedisinsk avdeling søker 1-2 bedriftslegar/overlegar til 100% faste stillingar. Her får du ei unik moglegheit til å bruke kompetansen din i eit sterkt fagmiljø som arbeider for trygge, sunne og helsefremmande arbeidsplassar.
Vi søkjer deg som er spesialist i arbeidsmedisin eller har annan relevant spesialitet. Er du ikkje spesialist enno, men kan tenkje deg å bli det? Vi kan leggje opp eit utdanningsløp for deg!
Som bedriftslege vil du ha ei viktig rolle i å utvikle arbeidsmiljøet for våre tilsette. Du vil ha moglegheit til å jobbe delt mellom bedriftshelsetenesta og yrkesmedisinsk avdeling, til dømes 50% kvar stad. Vi tilbyr også avsett tid til forsking. På yrkesmedisinsk avdeling vil jobb ved arbeidsmedisinsk poliklinikk vere mest aktuelt, men det er også moglegheit for ein kombinasjon med arbeid ved norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin.
Bedriftshelsetenesta og yrkesmedisinsk avdeling er samlokalisert og samarbeidar fagleg. Bedriftslegen vil også ha eit breitt fagleg nettverk med andre profesjonar ved sjukehuset og med bedriftslegane i dei andre føretaka i Helse Vest.
Dette er stillingar med stor fagleg variasjon, moglegheiter for utvikling og direkte påverknad på helsa i arbeidslivet.
Om stillinga som bedriftslege
Bedriftshelsetenesta:
Bedriftshelsetenesta bistår Helse Bergen i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset. Vi er ein fagkyndig og rådgivande teneste innan førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Vi er ei tverrfagleg samansett gruppe som ivaretar områda innanfor: arbeidsmedisin, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, smittevern for tilsette, ergonomi og systematisk HMS-arbeid. Bedriftshelsetenesta er del av Personal- og organisasjonsavdelinga der over 70 kollegaer tilbyr rådgiving og utviklingsstøtte på heile HR-området.
Yrkesmedisinsk avdeling:
Yrkesmedisinsk avdeling er ein bredt samansett avdeling som bidrar til å førebygge sjukdom og fremme god helse i befolkninga. Avdelinga er organisert i arbeidsmedisinsk poliklinikk som har regionansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland), regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet, seksjon for hyperbarmedisin, norsk senter for maritim- og dykkemedisin, sjukepleieseksjonen og merkantil seksjon. Avdelinga har difor eit unikt tverrfagleg preg som gir store moglegheiter for læringsarena også på tvers i avdelinga.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.