50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i augesjukdomar er ledig frå 01.04.2026, eller etter avtale.
Overtakinga av eksisterande praksis vil skje i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast april 2029.
Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
- eigenskapar for heimelen
- innretning av praksis
- samarbeid med andre
Arbeidsoppgåver
Avtalespesialisten skal i all hovudsak gjennomføre ordinær medisinsk utredning og behandling innan oftalmologi, men okuloplastikkirurgi kan også utføres i avtalepraksisen. Avtalepraksisen vil ikkje bli tillagt oppgåver innan kataraktkirurgi.
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Bergen HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Bergen HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Bergen HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.
Vi tilbyr
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 118 000 (klasse 1) til kr. 1 665 000 (klasse 3).
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.