Bli med på nybrottsarbeid i Noregs største legevaktdistrikt!
Har du interesse for helse blant sjøfolk? Då kan du vere den vi søker til ei spennende rolle ved Norsk Senter for Maritim Medisin og Dykkemedisin (NSMDM) i Helse Bergen.
Om NSMDM:
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, med formål om å fremme helsa til sjøfolk, fiskarar, dykkarar, offshorearbeidarar mv. Senteret driv m.a. undervisning, rådgjeving, regelverksarbeid, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, seleksjonsmedisinske utgreiingar (dykkarar og sjøfolk) og driftar den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico.
Di rolle:
Som fagansvarleg for seleksjonsmedisin vil du ha ein variert arbeidskvardag og løyse senterets ulike oppgåver i samarbeid med dei andre tilsette på senteret. Du vil ha eit særleg ansvar for saksutgreiingar for Sjøfartsdirektoratet i Fagnemnda for helsesaker.
NSMDM er ein seksjon ved Yrkesmedisinsk avdeling som forutan NSMDM består av Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi, Seksjon for hyperbarmedisin. Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester (spesifikk bronkial provokasjon ved mistenkt yrkesrelatert astma, yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar og elektiv hyperbar oksygenbehandling). Ved avdelinga jobber det leger, sjukepleiarar, yrkeshygienikarar mv.
I samband med denne utlysinga vurderer vi å etablere kontor i Oslo, og ser for oss å knytte til oss inntil 3 arbeidstakarar. Målet er å styrke fagmiljøet. Ved interesse for arbeid i Oslo, ber vi om at ein opplyser om dette i søknaden.
Besøk gjerne vår nettside for meir informasjon www.nsmdm.no
Bli med inn og møt assisterande seksjonsleiar Cecilie Tveit
Kva i alle dagar er fagnemnda for helsesaker? Sjå video
Velkommen til eit inkluderande og nyskapande fagmiljø!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.