Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar er ledig frå 1. september 2025, eller etter avtale.  
 
Overtakinga av eksisterande praksis vil skje i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast august 2030.
 
Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Stavanger HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Stavanger HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Stavanger HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen.
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 
Spørsmål om praksisen kan rettast til Marit Veholmen, tlf.: 51 90 68 68, eller 99 52 50 92.   
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 415 33 822.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4068 Stavanger, eller til post@helse-vest.no
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Privatpraktiserende spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4068 STAVANGER

Send søknad på mail
Arbeidssted
,
4068 STAVANGER
Søk på stillingen