Ortopedisk seksjon ved Ålesund sjukehus har ledig 6-måneders vikariat for Lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi.
Seksjon for ortopediske legar høyrer under kirurgisk avdeling og klinikk Ålesund. Vi har stor ortopedisk aktivitet og har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!