Onkolog i Førde - eit spennande fagfelt i stor utvikling.
Ved Kreftavdelinga, Førde Sentralsjukehus, har vi ledig 100% fast stilling som overlege innan onkologi. Vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innanfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp.
Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost på 9 senger fordelt på onkologi, hematologi, palliasjon, samt poliklinikk. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar.
Vi har idag 7 overlegestillingar, tre onkologar, tre hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt 5 legar i spesialisering. Stillinga er knytt til 6-delt vaktordning:
kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg og høgtidsdagar.
Helsetenesta ved sjukehuset er i ei spennande utvikling. Vi har nyleg flytta sengeposten til nybygg i same etasje som kirurgisk sengepost. Ved kreftavdelinga ser vi store endringar i kreftutvilkling og behandlingar. Dette gjev oss utfordringar, men også moglegheiter til å arbeide med gode pasientforløp.
Avdelinga har svært høg aktivitet, spesielt aukar poliklinisk aktivitet. Vi samarbeider tett med Haukeland Universitetsykehus og kan tilby pasientane nye behandlingsmetodar og studiar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.