Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du vår nye kollega? 

Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer, og no treng vi deg på laget.

Øyeavdelinga på Haugesund Sjukehus er på jakt etter ein engasjert og effektiv LIS. Som LIS på Øyeavdelinga vil du vera ein viktig del av teamet i ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon. 

I tillegg til fast stilling har vi ledig vikariat med moglegheit for fast tilsetjing.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og behandling av allmennoftalmologiske problemstillingar i samarbeid med våre dyktige overlegar
  • Vaktteneste

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Erfaring som lege innan øyefaget eller nevrologi vektlegges.
  • Erfaring med DIPS Arena er ein fordel 
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå. 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • har gode samarbeidsevner og arbeider godt i team
  • er sjølvstendig og strukturert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • arbeider effektivt

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Avsatt tid til både internundervisning og fordjupning.
  • Utdanningsstilling 100%
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Elvisa Selimovic
Tittel: Funksjonsleiar
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Øye avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 Haugesund