Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og to avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Regional avdeling spiseforstyrringar og Avdeling psykosomatisk medisin.

Avdeling psykosomatisk medisin består av 3 seksjoner: Seksjon konsultasjonspsykiatri, Seksjon for alderspsykiatri og Seksjon for nevrostimulerende behandling. 

Seksjon konsultasjonspsykiatri har eit tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Seksjonen gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus. Vi har no ledig vikariat for spesialist i vaksenpsykiatri i et år fra 01.04.25.

Vi tilbyr ein spennande jobb med anledning til å vere med på å utvikle konsultasjon-liaisontenesten. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt fagleg samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset. 

Arbeidsoppgåver

  • Konsultasjon-liaison teneste til dei somatiske einingane ved HUS og HDS
  • Psykosomatisk poliklinikk
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidande einingar
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken
  • Delta i klinikkens bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri, eller erfaren LIS som snart er godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
  • Det er ein fordel med erfaring fra konsultasjon-liaison psykiatri
  • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Den som blir tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Det er vidare viktig at du likar å arbeide i tverrfaglege team
  • Vere bidragsyter for eit godt faglig og sosialt arbeidsmiljø
  • Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Anledning til forsking 
  • Interessante arbeidsoppgåver
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Ann Christin Øren Rivenes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974562
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Psykosomatisk medisin/ Konsultasjonspsykiatri, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen