Velkomen til oss ved Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger! Vi har ledig ein fast overlegestilling frå mars 2025.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge og poliklinikk. Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18.000 konsultasjonar/år.
Vi har 43,5 legestillingar korav 20,5 er overlegestillingar tilknytta born/ungdom. Overlegane er fordelt i fleire faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Avdelinga har utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team og eit tverrfagleg barnepalliativt team.
BUK har eit aktivt forskingsmiljø og det er gode moglegheiter for å delta i forsking i kvart av desse fagfelta. BUK underviser medisinstudentar frå Universitetet i Bergen og medisinstudentar tilknytta Vestlandslegen.
Kva tilbyr vi?
Hos oss inngår du i eit triveleg og travelt arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar. Du får gode moglegheiter for utvikling og forsking. Vi har eit hyggeleg kollegium med regelmessige sosiale treffpunkt. Stillinga inneber vaktdeltaking i 12-delt bakvaktsjikt, med anten fri kvar 12. veke eller avspaseringsdagar fordelt jamnt utover i turnusen. Kursdeltaking blir avvikla i henhold til tariffavtale, og vi oppfordrar legane til å delta i nasjonale barnelegemøte, interessegrupper o.l. Det er ønskeleg at alle overlegar tar veiledningskurs og dette blir tilbydd om ein ikkje har det frå før.
Stavanger er ein triveleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg på vatnet eller i fjellet.
Praktiske forhold:
Det er no ledig ein fast overlegestilling. Ved intern tilsetjing kan det bli ledige vikariat.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Attester, referansar og eventuell annan relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for et inkluderende rekruttering.