Vil du jobbe på Noregs kanskje trivelegaste indremedisinske avdeling?
Midt mellom fjord og fjell, i eit flunkande nytt sjukehus på Hjelset (Sykehuset Nordmøre og Romsdal – SNR), berre 15 minutt frå Molde sentrum, søkjer vi ein spesialist i nyresjukdommar til fast stilling.
I april 2025 blir sjukehusa i Kristiansund og Molde slått saman til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Vi samlar då to medisinske legeseksjonar med sterke faglege tradisjonar, høgt fokus på utdanning og eit spesielt godt arbeidsmiljø. Vi har spesialistar innan alle indremedisinske fag og mål om å ha LIS3 i utdanning innan samtlige fag innan kort tid. Totalt vil seksjonen bestå av over 55 LIS og legar.
Avdelinga har fagseksjonerte sengepostar og fagspesifikke poliklinikkar, inkludert dialyseeining både ved SNR Hjelset og som ein satellitt ved SNR dag-eining i Kristiansund.
Vi har ambisjonar om å bli ei av Noregs mest framtidsretta og beste indremedisinske avdelingar, både fagleg og sosialt. Per i dag har vi ein nefrolog i 100 % stilling, ein i 20 % stilling og ein LIS3 i nyresjukdommar, med plan om ytterlegare ein LIS3 i løpet av 2025. For å styrke fagmiljøet og utdanningskapasiteten ønskjer vi oss ein nefrolog til på laget!
Som overlege i nefrologi hos oss vil du arbeide med sengepost, indremedisinsk vakt, overoppsyn med dialysen og poliklinikk. Vi har også eit eige indremedisinsk intensivteam, der det er mogleg å delta om det er av interesse.
Er du interessert i å jobbe med nefrologi i eit heilt nytt og topp moderne sjukehus? Ønskjer du å bli ein del av eit spesielt hyggeleg legekollegium, med store moglegheiter for fagleg fordjuping og utvikling? Då ser vi fram til å få søknaden din!