Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering innan barnesjukdomar!

Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset ved Hjelset. Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnesjukdomar, med oppstart frå snarast. Stillinga inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i april 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 800 fødslar pr.år.  Det vil også være poliklinikk og dagbehandlingstilbud for barn og unge i SNR Kristiansund.

Vi ønsker deg som er interessert i å jobbe med barn og unge og som vil være med å bygge opp vårt nye tilbud på SNR Hjelset.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! 

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av ø-hjelps pasientar
  • Behandling og oppfølging av inneliggande pasientar
  • Deltaking i spesialiseringsløp
  • Dagbehandling og poliklinisk arbeid
  • Heimevakt på kveld/natt/ helg

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autoriasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Gode kunnskapar i norsk/nordisk språk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du har interesse for faget, og eit ønskje om å spesialisere deg innan barnemedisin

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? 
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.  Les meir om Molde og Romsdalen her!

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bente Askestad
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 711 21590
Navn: Siv Helen Kristoffersen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 71121558
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2
6450 Hjelset