Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2025 eit budsjett på 164 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri. I tillegg er Helse Bergen sitt eBehandlingstilbod ein del av Bjørgvin DPS.

Vi søker etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønsker å vere ein del av det gode og varierte behandlingstilbodet vi har ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk, med eit godt arbeidsmiljø som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, eit stort Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrringar, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team. Vi har og ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi har og saman med Knarvik allmennpoliklinikk dei seinare åra bygd opp eit velfungerande MBT-Team. Vi legg opp til stor grad av samarbeid på tvers av yrkesgrupper og har god erfaring med auka grad av oppgåvefordeling i pasientbehandlinga.

Du vil bli ein del av eit stort og solid fagmiljø på Bjørgvin, med ein stor andel svært erfarne og engasjerte høgskuleutdanna i tillegg til 12 andre overlegar, og meir enn 25 psykologspesialistar. Er du ein engasjert overlege som har lyst å jobbe i eit godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg. 

    Arbeidsoppgåver

    • Utgreing og behandling av tilviste pasientar innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
    • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
    • Det er mogleg å kombinere stillinga mellom dei ulike spesialteama i poliklinikken og å drive gruppeterapi

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon 
    • Meistre norsk både munnleg og skriftleg

    Personlege eigenskapar

    • Har evne til å arbeide sjølvstendig
    • Har gode samarbeidsevner
    • Fagleg engasjert og nysgjerrig
    • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
    • Er ein god teamarbeidar og trivast med tverrfagleg arbeid

    Vi tilbyr

    • Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
    • Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av allmennfeltet
    • eit nytenkjande og utviklande fagmiljø
    • Lønn i henhald til gjeldande avtalar

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
    Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Bergen HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Hallbjørg Hage
    Tittel: Psykologspesialist
    Telefon: 99271899
    E-post: hallbjorg.hage@helse-bergen.no
    Navn: Fredrik Hiis Bergh
    Tittel: Klinikkdirektør
    Telefon: 55 95 71 10
    E-post: fredrik.hiis.bergh@helse-bergen.no
    Navn: Anneli Eimhjellen
    Tittel: Overlege/psykiater
    Telefon: +47 55957000
    E-post: anneli.eimhjellen@helse-bergen.no
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Arbeidssted
    Bjørgvin distriktspsykiatriske senter / Tertnes Allmennpsykriatriske poliklinikk, Helse Bergen
    Tertnesveien 37
    5113 Tertnes
    Søk på stillingen