Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi søkjer lege i spesialisering (LIS3) til fast stilling. 

Allmennlegar som treng sjukehusteneste og «LIS1 ventere»/Cand.med. blir oppfordra til å søkje vikariat. 

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har også
sentralsjukehusoppgåver med akutt sengepost, vaksenhabilitering, lokal sikkerheitspost
og ambulant sikkerheitsteam. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og
medisinstudentar vår og haust. 

Mars 2021 flytta vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. 

Med nærleik til Førde
sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få
all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling. 

Nyttig informasjon ved jobbsøking til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF.

Tilsetting snarast/etter nærare avtale. 

    Arbeidsoppgåver

    • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
    • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
    • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
    • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
    • Søkjar må ha førerkort i klasse B
    • Ferdig med LIS1 teneste. Søkjar utan godkjent LIS1 teneste, men med relevant praksis kan vurderast til vikariat

    Personlege eigenskapar

    • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
    • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

    Vi tilbyr

    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Etter nærare avtale kan vi vere behjelpeleg med å skaffe bustad

       
    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Førde HF
    Kontaktperson
    Navn: Sigmund Erling Bjørhovde
    Tittel: Overlege/seksjonsleiar
    Telefon: (+47) 900 37 348
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde