Helse Fonna søkjer overlege i 100 % stilling. Stillinga er delt mellom Habiliteringsavdelinga og Lærevanske og utviklingshemming poliklinikk, avdeling psykisk helsevern, Haugesund sjukehus.
Habiliteringsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar habiliteringstenester for vaksne, barn og unge, samt Lærings- og meistringssenteret. Avdelinga består av om lag 25 årsverk.
Habiliteringstenesta for barn har 13 fagstillingar, og habiliteringstenesta for vaksne har åtte fagstillingar. Begge teama er tverrfagleg samansett av lege, vernepleiarar, pedagog, sosionom, psykologar, fysioterapeutar og ergoterapeutar. Målgruppa er menneske med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring. Utfordringane er ofte komplekse og krev eit tett samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, på tvers av fagområde og team i avdelinga, og dessutan mellom første- og andrelinjetenesta. Mange i målgruppa møter ulike utfordringar ved overgangar i livsløpet. Vanlege tilleggsvanskar kan vere åtferd som utfordrar, motoriske vanskar, epilepsi, syndrom og psykiske vanskar. Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant.
Overlege i Habiliteringsavdelinga vil først og fremst ha fokus på medisinske undersøkingar og behandling. Tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga, og ein viktig del av arbeidet er òg rådgiving og rettleiing til pasientar, pårørande og kommunehelsetenesta, samt øvrige delar av spesialisthelsetenesta.
Lærevanskar og utviklingsforstyrringar poliklinikk (LUP) er ei spesialisert poliklinisk teneste for vaksne med nevro-utviklingsforstyrringar med særleg vekt på generelle lærevanskar, utviklingshemming og autismespekterforstyrringar. Teamet består av ein psykologspesialist (PhD), overlege, psykologar og vernepleiarar. LUP er godkjend som fordjupingspraksis for LIS-3. LUP er eit ambulerande team, noko som betyr at vi i tillegg til ordinær poliklinisk kontakt yter tenester og behandling der pasienten bur, i samarbeid med den aktuelle kommunen. Poliklinikken har ansvar for personar innan målgruppa som treng tenester innan psykisk helsevern i opptaksområdet til Helse Fonna, samt ein regional funksjon i Helse Vest for barn og vaksne med utviklingshemming, autisme og alvorlege tilleggsvanskar. LUP driv ei velstrukturert teneste som legg vekt på ein kunnskapsbasert tilnærming.
Poliklinikken er tilknytt Klinisk forskingsgruppe for mental helse, avhengnad og nevro-utviklingsforstyrringar (KLIMAN). LUP har pågåande kvalitets-, forskings- og innovasjonsprosjekt. Poliklinikken er involvert i forskingsprosjekt nasjonalt og deltek i regionale og nasjonale nettverk.
Overlege i LUP vil ha fokus på utgreiing og behandling av utviklingsrelaterte tilstandar, nevropsykiatriske forstyrringar og psykiske lidingar hos vaksne med utviklingshemming eller generelle lærevanskar, samt samarbeid med andre avdelingar i spesialisthelsetenesta og kommunar.
Du er velkommen til å søkje hos oss!
Habilitering
LUP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.