Kort om arbeidsgiver
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
Jæren legesenter er eit veldrive legesenter med 6 fastlegeavtaler lokalisert i Kleppe sentrum. Det er eit særs godt miljø med gode arbeidsforhold og erfarne medarbeidarar. Legekontoret bruker Pridok journalsytem. 5 av 6 legar er spesialistar i allmennmedisin. Me har LIS1-lege halve året.
Nå blir det ledig eit vikariat frå 15.april (eksakt oppstart kan avtalast nærare) for den eine fastlegelista fram til ny lege starter i juni månad. Deretter går vikariatet over på ei anna fastlegeliste kor fastlegen skal ut i fødsels-/foreldrepermisjon frå juni månad. Dette er lister på hhv 950 og 880 pasientar. Det er ikke knytt andre kommunale oppgåver/bistillingar til desse listene, men ein går inn i ordinær legevaktsturnus (pr tid 36-delt).
Stillinga vert lyst ut som eit samanhengande vikariat på 1år med mulighet for forlenging ifm endring i permisjonstid eller andre ledige stillingar i kommunen. Stilling vert lyst ut med fastløn tilsvarande dei vilkår som gjeld for fastlønna legar med listeansvar i Klepp kommune.
Søknadsfrist:
2-3 uker
Arbeidsgivar:
Klepp kommune
Stad:
Kleppe, Klepp Stasjon
Stillingstittel:
FASTLEGE VED JÆREN LEGESENTER
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikariat, fastløn
Stillingsprosent:
100
Arbeidsoppgåver
Fastlegearbeid.
Ein deltek i 36-delt interkommunal legevakt med Time kommune lokalisert i Klepp sentrum ettermiddag/kveld og helg, og med Hå og Time kommunar lokalisert på Bekkeheien i Hå kommune kl. 2230-08.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon og refusjonsrett LIS3 eller spesialist i allmennmedisin. Gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
Det er krav om politiattest nyaren enn 3 mnd.
Søker må ha gjennomført LIS1-tjeneste.
Ved tildeling av vikariatet vil ein legge stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer merksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskaparMotivasjon for å jobbe med allmennmedisin.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Gode evner til å arbeida strukturert og sjølvstendig.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrKommunen legg til rette for spesialisering i allmennmedisin med rettleiing og ALIS-tilskot for fastlønna legar gjennom den nasjonale ALIS-ordninga.
Ver klar over at epost til og frå Klepp kommune i utgangspunktet er journalpliktig etter arkivlova og også vil vera eit offentleg saksdokument som andre vil kunne få innsyn i etter reglane i offentleglova.