Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Me har ledig 100 % stilling som fastlege i en spennende gruppepraksis ved Vindafjord legesenter. Eit topp moderne legekontor, ein kort halvtime frå Haugesund med sentral beliggenhet like ved europavei 134 :)

Me søkjer deg som er ansvarleg, handlekraftig, fleksibel og som likar å arbeide med mennesker.

Vindafjord legesenter held til i Isvik i Vindafjord kommune. Legekontoret består av ein større gruppepraksis med  tilsaman 5 legeheimlar + LIS 1. Fastlegelista er godt etablert og har per idag 750 innbyggerar på lista. Denne kan aukast om ynskeleg.
Legekontoret nyttar WebMed journalsystem.

Me kan tilby:
Tilsetjing med fastlønnsordning og 36% insentivavtale som næringsinntekt.
Spesialiseringsløp i almennmedisin (ALIS)
Ein arbeidsplass med stor mulighet for fagleg utvikling, solid hjelpepersonell og gode lokaler.
Vindafjord kommune tilbyr ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning.
Legevakta er interkommunal med Etne kommune og har gode fasiliteteter samlokalisert med Ølen legekontor.

Hovudarbeidsoppgåver:
  • Fastlege oppgåver
  • Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt
  • 17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeidet
  • Kommune kan tilplikte  20% kommunale oppgåver i stillinga
Kvalifikasjonar:
  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
  • Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse – og omsorgstenest
  • Norsk autorisasjon
  • God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
  • Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg
  • Legevakta nyttar Hove total journalsystem/pasientsky.
  • Legen må ha førarkort og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar:
  • Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar
  • Du må ha evne til fleksibilitet, handlekraft,vera omgjengeleg og trivast med almennmedisinsk arbeid
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Me kan tilby:
  • Vindafjord kommune er godkjent som utdanningsvirksomhet
  • Kommunen tilbyr muligheit for spesialisering (ALIS)
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Legetenesta i Vindafjord kommune:
Kommunen har totalt 3 legekontor, (Vikedal legekontor,Ølen legekontor og Vindafjord legesenter.) Totalt 12 fastlegar + 1 Lis 1 lege.
Sjekk ut https://www.vindafjord.kommune.no/
For meir info om stillinga,ta kontakt med:
  • Maren T Hustoft Tlf 92482820. E-post  Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
  • Terje Kleiven - Tlf 93438664. E-post  Terje@isvik.no Kommuneoverlege/ Dagleg leiar ved Vindafjord Legesenter AS
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Maren T. Hustoft
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 924 82 820
E-post: maren.hustoft@vindafjord.kommune.no
Navn: Terje Egil Kleiven
Tittel: Kommuneoverlege/ Dagleg leiar ved Vindafjord legesenter
Telefon: 934 38 664
E-post: terje@isvik.no
Arbeidssted
Rådhusplassen 1
5580 ØLEN
Søk på stillingen