Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet.  Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 0/1 ledig frå19.08.2024 til 01.03.2025. Stillinga inngår ikkje i fast vaktrotasjon for LIS 2/3. Frå 01.03.2025 starter me for fyrste gong opp med LIS1 i rotasjon på Barne- og ungdomsavdelinga, så dette vil da være ein "gull-fin" erfaring å ha med seg i påvente av eventuell oppstart i LIS1 frå 01.03.2025.

Vi har for tida 9 overlegestillingar og 6 legar i spesialisering. LIS 2/3 går 6-delt vakt.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining barn og nyfødtintensiv Haugesund
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Deltaking i undervisning
  • LIS 2/3-legane går i 6-delt tenesteplan, med aktive vakter

Kvalifikasjonar

  • Søkaren må ha fullført medisinerstudier og ha lisens
  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er fleksibel
  • trivst med teamarbeid
  • er sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Anne Margrethe Øritzland
Tittel: Avdelingsleiar - barn
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Barneavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen