Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Sjukehusa i Nordmøre og Romsdal ligg vakkert plassert, med nærleik til fjord og fjell. Radiologisk avdeling Molde og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av mange sjukdomstildtandar og er viktige i drifta av sjukehusa.

Radiologisk avdeling har eit utstrekt samarbeid med kliniske avdelingar. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modalitetar.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanninga. 
I 2025 står det nye sjukehuset (SNR) klart og skal takast i bruk i løpet av første halvår. Der vil vi mellom anna få fylkets første 3 Tesla MR.

Vi har no ledig fast stilling som LIS i radiologi. Oppstart frå 01.09.2024, eller etter nærare avtale med avdelinga.
Ved evt. internt opprykk kan det bli ledig vikariat

Radiologisk avdeling i Molde/Kristiansund er ein god stad å starte for fersk LIS3. Vi har god breidde i undersøkingar, dedikerte overlegr og ei god og inkluderande LIS-gruppe.
Vi arbeider kontinuerleg med opplæringsopplegg for nye tilsette, og har tilgang til gode ressursar på nett. Opplæring skjer i hovudsak i Molde, men ta også gjerne kontakt om du ønskjer å bo i Kristiansund. 

Attestar og tenestebevis frå evt tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • Som LIS i radiologi vil du få opplæring i og arbeide med røntgen, CT og ultralyd, og etter kvart radiologiske intervensjonar. MR-opplæring kjem når ein har noko erfaring. Arbeidet består i å beskrive bilete, utføre ultralyd, kommunisere med klinikar om undersøkingar, og etter kvart ha demonstrasjonar av bilete for klinikerar. Stillinga inneber deltaking i vakt, som for tida er åttedelt. LIS har tilstadevakt, med overlege i bakvakt, delvis med heimevakt. 

Kvalifikasjonar

  • LIS i radiologi må ha gjennomført norsk LIS1, eller turnusteneste etter gammal ordning,  for å kunne starte i spesialiseringsløp. 
  • Må meistre norsk språk (ev. svensk/dansk), og ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståing
  • Gode evner til samarbeid. Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper
  • Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Odd Arne Haram
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 41422916
E-post: Odd.Arne.Haram@helse-mr.no
Navn: Martin Grotnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 71122395
E-post: martin.grotnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Bjørnstjerne Bjørnsons veg
6412 Molde
Søk på stillingen