Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Klinikk for psykisk helsevern og rus søkjer etter overlege/spesialist i rus og avhengigheitsmedisin til TSB-poliklinikk

Vi ynskjer deg som har eit brennande engasjement for faget, og du vil få ei viktig rolle i oppbygning og vidareutviklinga av TSB-tenestene våre. Målet er å gje pasientane eit meir heilskapleg behandlingstilbod, samt bidra til å utdanne fleire spesialistar i Rus- og avhengigheitsmedisin. 

Vi har ei spennande tid framfør oss kor vi vidareutviklar behandlingtilbod både i poliklinikkar og i døgnbehandling og vi ynskjer deg med på laget.

For legar med interesse for fagfeltet og som ynskjer spesialisering er klinikken godkjent utdanningsvirksomhet i rus- og avhengighetsmedisin og vi kan tilby heile utdanningsløpet i Helse Fonna. TSB er eit felt det satses på og, vi legg til rette for gode betingelsar med løn og kursing. 

TSB-poliklinikk har lokasjonar tilknytta Haugesund sjukehus og Karmøy DPS. Det er mogleg å velje hovudlokasjon, men det må påbereknas noko arbeid på tvers av lokasjonane. 

Intervjuer vert gennomførd  fortløpande i utlysningstida. Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Samarbeid rundt pasientar
  • Deltakelse i vakt
  • Bidra i fagutviklingsarbeid både internt og mellom avdelingane i Helse Fonna
  • Rettleiing og undervisning både internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i Rus- og avhengighetsmedisin
  • Spesialist i allmennmedisin
  • Spesialist i psykiatri
  • LIS 3
  • Ønskeleg med både erfaring fra både post og poliklinikk
  • Må beherske godt norsk skriftlig og muntlig

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av faget og det beste for pasientane
  • Du er god på samarbeid
  • God på formidling av kunnskap internt og eksternt
  • Arbeidar strukturert og sjølvstendig
  • Kreativ, nytenkjande og pragmatisk
  • Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldende overenskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Vi legg til rette for kurs og vidareutdanning
  • Mulighet for deltagelse i prosjekt, kvalitetsutvikling og forskning 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
  • For å kunne vurdera fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Daniel H. Reiersen
Tittel: Funksjonsleder
Telefon: 91586623
E-post: daniel.heradstveit.reiersen@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Søk på stillingen