Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Fekk du ikkje LIS1 stilling og ventar på neste mogelegheit? Då er du velkommen hos oss! Erfaring med barne- og ungdomspsykiatri er ein viktig kunnskap uavhengig av kva vei din karriere vil ta etter kvart. 

Vi har ledig ei LIS3-stilling med oppstart frå 15.08.24. Er du LIS1 og ventar på plass, oppfordrar vi også deg til å søkje. Søkjaren til LIS3 stillinga må ha gjennomført LIS1.

I vårt legemiljø på BUP vil du finne eit trygt og støttande arbeidsmiljø. Vi er for tida åtte overlegar, fem LIS3 og ein som ventar på LIS1. I tillegg bidrar tre overlegar på pensjonistavtale med sin kompetanse.

BUP Haugesund tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.

Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!

Vi legg stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren til LIS 3 stillinga skal ha gjennomført LIS1. 
  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon
  • Erfaring frå BUP er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

    • likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
    • har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.
    • arbeider strukturert og sjølvstendig.
    • er kreativ, nytenkjande og fleksibel.
    • har personlege eigenskapar blir vektlagde.

    Vi tilbyr

    • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
    • Arbeid i tverrfaglege team.
    • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
    • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
    • Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
    • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
    • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.
    • Løn etter gjeldande overeinskomst.
    • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.

    Haugesund by
    Haugesund er ein mellomstor norsk by med ca 40 000 innbyggjarar. Nærregionen har rundt 180.000 innbygjarar. Haugesund ligger på vestkysten av Norge, mellom Bergen som er Norges nest største by og Stavanger. Byen har alle fasiliteter, bl.a. internasjonal lufthavn, cruisehavn og et aktivt kulturliv bl.a. fleire store årlige kulturfestivalar inkl. internasjonal filmfestival og jazzfestival. Regionen har variert natur med sandstrender, nærhet til turområder i fjellet og tilgang til fiskemuligheter i sjø. BUP Haugesund ligg sentralt plassert i Haugesund. 

    Sjå film om Haugesund og vår region:  https://www.visitnorway.com/places-to-go/fjord-norway/haugesund-haugalandet/?lang=uk  

    Mangfaldserklæring
    Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Fonna HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Marit Elisabeth Ness
    Tittel: Funksjonsleiar/psykologspesialist
    Telefon: 52732850
    Navn: Margrethe Reigstad Aase
    Tittel: Funksjonsleiar/psykologspesialist
    Telefon: 52732850
    Navn: Lene Elisabeth Nordtveit
    Tittel: Sekretær
    Telefon: 52732850
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    BUP Haugesund, Helse Fonna HF
    Vinjes gate 10
    5522 Haugesund