Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Etter ein del år med lite stabilitet og kontinuitet på legesida, etablerte Fyresdal kommune i 2023 ordninga «Nordsjøturnus». I ordninga «Nordsjøturnus» er det tre legar som delar på ei fastlegeliste. Legane jobbar i ein komprimert turnus der dei fysisk er på jobb i to veker med påfølgjande fri i fire veker. Dei to vekene legen er på jobb dekker dei også opp den lokale legevakta. «Nordsjøturnusen» hadde offisiell opning 8. mai 2023, og har sidan då vore ein stor suksess. Vi har nå ei stabil fastlegeteneste og legevakt i eiga bygd.

Fyresdal kommune har no ledig ei fast 100 % stilling som fastlege/kommuneoverlege.

Sidan vi har hatt stor suksess med turnus, freistar vi å prøve ein ny vri relatert til den andre fastlegelista. Vi tenker ein turnus der du er fastlege i tre veker (bunden tid). Dei neste tre vekene er ubunden tid, der oppgåver relatert til kommuneoverlegefunksjonen, administrative oppgåver, samt oppfylging av LIS1 skal ivaretakast. 

Kunne du tenke deg å blei ein del av fastlegetenesta i Fyresdal kommune? Har du lyst på ei spennande stilling som både fastlege og kommuneoverlege i ein 3-3-rotasjon? Då er det kanskje nettopp DEG vi ser etter?

Vi er på jakt etter ein engasjert og utviklingsorientera lege med stor interesse for samfunnsmedisin. At du har gode samarbeidsevner og er fleksibel, set vi også veldig pris på. Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.

Kommuneoverlegen har ei viktig rolle som medisinskfagleg rådgjevar ovanfor kommunens leiing, avdelingar, andre bedrifter og innbyggarar.  Kommuneoverlegen er sentral i kommunens folkehelsearbeid og har overordna fagansvar innan miljøretta helsevern og smittevern. Plan- og beredskapsarbeid inngår og i kommuneoverlegens arbeidsområde.

På helsesenteret består det samla fagmiljøet av ein fastlege/kommuneoverlege, 3 legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoterapeut og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor, psykolog og rask psykisk helsehjelp er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.

Arbeidsoppgåver
  • Fastlegearbeid
  • Samfunnsmedisinske oppgåver innan førebyggande arbeid, folkehelse, smittevern og miljøretta helsevern
  • Medisinskfagleg rådgjeving og vegleiing
  • Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta, fastlegane og spesialisthelsetjenesta
  • Bidra i kommunalt planarbeid der dette er naturleg.
  • Hastekompetanse på kommunens vegne innan miljøretta helsevern, psykisk helsevern, smittevern og helsemessig beredskap ut frå lov og delegasjon
  • Kvalitetssikring og tilsyn, rådgjeving i forbindelse med klagehåndtering
  • Delta i beredskapsarbeid 
  • Bakvakt for LIS 1 ved legevakt
  • Mogleg rettleiing for nordsjølegar i ALIS-løp

Kvalifikasjonar
  • Lege med interesse for kommunehelseteneste og samfunnsmedisin
  • Spesialist i allmennmedisin er ynskjeleg
  • Spesialitet i samfunnsmedisin er ynskjeleg, men kommunen vil kunne legge til rette for spesialisering
  • Søkar må ha norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar
  • Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
  • Har evne til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Har gode samarbeidsevner
  • Bidreg til delingskultur og godt arbeidsmiljø
  • Har brukar i fokus
  • Har gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegar.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • Ein 3-3-rotasjon, der dei fyrste tre vekene er bunde tid og dei neste tre vekene er ubunde tid. Vi treng ein lege med stor grad av flekibilitet, slik at oppgåvene som til ei kvar tid dukkar opp blir ivareteke.
  • Løn etter avtale.
Tilsettingsvilkår:
  • Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram  av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, herunder 6 månadar prøvetid.
  • Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
  • Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
  • Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.
  • Søkar må ha førarkort og disponere eigen bil.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Kontaktperson
Navn: Anne Veum
Tittel: Avdelingsleiar helse og omsorg
Telefon: 951 77 421
Arbeidssted
Landstadvegen 35
3870 FYRESDAL
Søk på stillingen