Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Sula kommune har ledig nyoppretta fastlegeavtale tilknytt kommunelegekontoret i Sula frå 01.12.2024. Det er også ledig eit vikariat for perioden 01/09/24 - 01/12/25.

Kommunlegekontoret har i dag 9 fastlegar, og i tillegg ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin.

Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.  

Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Alle listene er no fulle og i tillegg har vi om lag 180 på venteliste. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar.

Det er viktig for kommunen å tilby gode arbeidsvilkår tilpassa ulike livssituasjonen for legen. Fastlønn i inntil to år kan, om ønskeleg, tilbydast som rekrutteringstiltak.

Det er ikkje knytt kostnader til oppstart i fastlegeavtalen (goodwill). Tidspkt for oppstart kan justerast etter avtale. 

Arbeidsoppgåver
  •  Klinisk praksis på eiga liste, samt kollegeal fråværsdekning
  •  Offentlige legeoppgåver vil bli tilplikta med inntil 7,5 time pr veke etter nærare avtale med kollegar og kommunen. Men om ønskjeleg kan ein auke dette i dialog med den nye legen
  • Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, legane deltar i vaktordninga.
  • Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen
Kvalifikasjonar
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon.
  • Spesialist i allmennmedisin eller klar til å starte spesialisering LIS 3. LIS 1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent.
  • Andre relevante faglige kvalifikasjonar og relevant erfaring vil bli vurdert, sett i lys av å utfylle den totale kompetansen blant fastlegane i kommunen.
  • Fagleg oppdatert på relevant kunnskap
  • Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
  • Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil.
Personlege eigenskapar
  • Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Vi tilbyr
  • Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS
  • Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS 3
  • Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
  • Heimekontorordning i samsvar med lokal avtale
  • Tildeling av avtale og overtaking av praksis skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover og avtaleverk.
  • Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommunen.
  • Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
  • Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sula kommune
Kontaktpersoner
Navn: Grethe G. Øen
Tittel: Leiar helsetenesta
Telefon: 93821014
E-post: grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Navn: Øystein Mjelde Aasen
Tittel: Fastlege og HTV DNLF
Telefon: 70 19 91 60
E-post: Oystein.Mjelde.Aasen@sula.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kommunelegekontoret i Sula
Stadsnesvegen 9 b
6030 LANGEVÅG
Søk på stillingen