Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du ein lege som vil bruke arbeidstida din på å behandle pasientar og fritiden din til å ha fri? Da kan vi vere arbeidsplassen for deg. Om du trivast med kontorarbeid er nok andre arbeidsstader betre eigna.  

På Bergen Helsehus er det mange pasientar som mottar helsehjelp til alle døgnets tider. Skadepoliklinikken er lokalisert i Bergen Helsehus og er ei avdeling i Helse Bergen underlagd Ortopedisk Klinikk. Vi vurderer og behandlar eit stort antall pasientar dag, kveld og helg gjennom heile året. Skadepoliklinikken og kommunens legevakt samarbeider om legetenesta på Skadepoliklinikken, Daglegevakten og Overgrepsmottaket i ein felles bemanningsordning.  

Skadepoliklinikken er ei dynamisk avdeling med fokus på utvikling og kontinuerleg forbetring. Vi har mellom anna fått tildelt forskingsmidlar til eit KI-prosjekt. Vårt mål med dette prosjektet er enda betre kvalitet i diagnostikk og behandling kombinert med ein enklare arbeidskvardag for våre tilsette. I tillegg arbeider vi med innføring av lystgass i pasientbehandling og har fleire andre KI-prosjekt på idéstadiet. Skadelegevakten i Oslo og Skadepoliklinikken i Bergen har tett kontakt og utviklar eit stadig nærare samarbeid. 

Dere er velkommen til å ta kontakt om dere har spørsmål. 

Arbeidsoppgåver

  • Legeteneste innan både allmennlegevakt og skadepoliklinikk med brot- og sårbehandling
  • Utgreiing og oppfølging av overgrepsutsette
  • Delta i opplæringsfunksjonar, øvingar og kursverksemd

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Gjennomført LIS 1 teneste
  • Kurs og trening i akuttmedisin
  • Godkjend politiattest må kunne visast ved tilsetting
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Arbeidserfaring med akutte skadar og legevaktsarbeid
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar 

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjerder
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med pasientar og deira pårørande på ein god måte
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press

Vi tilbyr

  • God balanse mellom privatliv og jobb – legane våre har minimalt etterarbeid og administrative oppgåver
  • Rullerande arbeidsplan med arbeidshelg kvar 5.helg og friveke kvar 10.veke
  • Ingen langvakter
  • Nattarbeid avgrensa til heimevakt gjennomsnittleg 1 vakt kvar 3.veke
  •  Ja, du får fagleg fordjupningsdag annan kvar veke
  •  Ja, du får ha lunsjpause kvar dag
  •  Aldri kjedeleg – ein variert og spennande arbeidskvardag
  •  Ei legerolle der kliniske ferdigheiter er sentrale i arbeidskvardagen
  •  Tett integrasjon mellom røntgendiagnostikk og klinisk diagnostikk
  •  Lav terskel for fagleg diskusjon og openheitskultur– frå dei små detaljar til dei store linjer
  •  Ein arbeidsplass der gode idéar har grobunn
  •  Ein dynamisk arbeidsplass med blikket retta framover
  •  Ei avdeling med fokus på pasientsikkerheit, gode pasientforløp og omsorg for både pasientar og tilsette


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Torbjørn Hiis Bergh
Tittel: Overlege
Telefon: 53032741
Navn: Njål Kleven
Tittel: Overlege
Telefon: 53031821
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Ortopedisk klinikk/ Skadepoliklinikken, Helse Bergen
Solheimsgaten 9
5058 Bergen
Søk på stillingen