Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Korleis kan du lukkast hos oss?
Dersom du trivst med å jobba i eit breidt kompetansemiljø, og kan dra nytte av dei mange faglege kompetansane som finst i teamet vårt – vil du både trivast og lukkast hos oss. Ser du løysingar, er resultatorientert og får det til med folk, så vil du stortrivast.
 
Kva kan me tilby som arbeidsplass?
  • Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
  • Me kan hjelpa til med å skaffa bustad.
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune.
  • God barnehagedekning. Me har også barnehageplass til halve prisen. Det betyr at du kun betalar kr. 750,- (+ kost) pr. mnd for full plass frå og med 1. august.
  • Stillinga er plassert under stillingskode 8527 Lege, med personleg løn.
  • Det er mange godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om det.  
 
Kven søkjer me?
  • Personlege eigenskapar er viktig for oss. Me kjem til å vektlegga dette i rekrutteringsprosessen.
  • Du må ha norsk autorisasjon og gjennomført LIS1.
  • Du må ha erfaring innan allmennmedisin og frå legevakt.
  • Du må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg og at du har kjennskap til norsk helsevesen og er kvalifisert til å starte på spesialisering innan allmennmedisin.
  • Du må ha førarkort og disponere bil.
Me kjem også til å etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til intervju. Me gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
 
Arbeidsoppgåvene hos oss er:
  • Vanleg allmennpraksis.
  • Deltaking i legevakt.
  • Kommunale oppgåver.
  • Arbeid i palliativt kommunalt team kan bli ein del av stillinga.
  • Utfører andre oppgåver i tråd med kommunen sine behov.
Det øvre listetaket for pasientar hos oss er 730.
 
Kort om arbeidsgjevar
For å løysa og utvikla oppgåvene til kommunen vår, treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.

I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Helse
Kontaktperson
Navn: Adriaan van Ruiven
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 45422697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Sand
Eidsvegen 5
4230 SAND