Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Stord kommune søker ein fastlege til ledig heimel ved Leirvik legekontor i kommune-senteret Leirvik. Leirvik legekontor er eit godt etablert kontor med erfarne og stabile kollegaer og med tre private heimlar.

Leirvik legekontor er lokalisert sentralt i Leirvik, og er ein veldriven 3-legars praksis. Det er same fastlege som har hatt ansvar for lista sidan oppretting av fastlegeordninga i 2001. I eit miljø med gode og erfarne kollegaer vil du oppleve ein meiningsfylt kvardag, fagleg utvikling og trivsel. Fastlegen går inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontoret.

Stord kommune tilbyr
  • Å overta ein stabil fastlegeheimel med om lag 1300 trivelege innbyggarar.
  • Ved å overta heimelen kan du vera med å utvikla din eigen arbeidsplass saman med erfarne kollegaer som begge er spesialistar i allmennmedisin.
  • Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar
  • Deltaking i vaktordning ved Sunnhordland interkommunale legevakt (SIL) kveld og helger (Sunnhordland interkommunale legevakt IKS - Stord kommune).
  • Legevakta er eit samarbeid mellom tre kommunar (Bømlo, Stord, Fitjar) med i alt 31000 innbyggjarar.
  • Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale vegg i vegg med Stord sjukehus og ambulanse.
  • Eiga daglegevaktordning der vaktene rullerer mellom legesentera.
  • Kommunen har vedteke tiltak for å stabilisera fastlegetenesta i form av kommunalt basistilskot, etableringstilskot, kompensasjon for fråvær ved sjukt barn og kompensasjon for deltaking på kurs.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 i Noreg.
  • Refusjonsrett frå Helfo.
  • Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller vil begynne på denne.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Godt norsk språk og god kulturforståing.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar ASA 4310. Det må leggjast fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Vilkår ved arbeid på legevakt i tråd med tariff og gjeldande pensjonsavtale.

Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS, og tilbyr rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS. Næringsdrivande ALIS-lege får dekka utgifter til vidare- og etterutdanning.

For ytterlegare opplysingar om stillinga:
Leirvik legekontor v/ fastlege og heimelshavar Agnar Aasheim, tlf. 971 61 048, e-post: agnaraa@online.no
Kommuneoverlege Petra Turet Olsen, tlf. 456 54 671, e-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no
Kommunalsjef Anne Karin Fossdal, tlf. 907 62 789, e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Agnar Aasheim
Tittel: Fastlege og heimelshavar
Telefon: 971 61 048
E-post: agnaraa@online.no
Navn: Petra Turet Olsen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 456 54 671
E-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no
Navn: Anne Karin Fossdal
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 907 62 789
E-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
Arbeidssted
Vikabrekko 11
5411 STORD
Søk på stillingen