Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Me søker fastlegar hos oss i Vindafjord kommune - Vital og sentral

Me søkjer deg som er ansvarleg, handlekraftig, fleksibel og som likar å arbeide med mennesker.
Me har to ledige stilling som fastlegar ved Ølen legekontor og Vikedal legesenter.

Ølen legekontor:
Her blir du eindel av ein større gruppepraksis i topp moderne lokaler. Legekontoret er samlokalisert med vår interkommunal legevakt, brann og redning og ambulanse. Gruppepraksisen består av tilsaman 5 legeheimlar. Fastlegelista er godt etablert og har 750 innbyggerar på lista. Denne kan aukast om ynskeleg.

Vikedal legesenter: 
Her blir du eindel av ein trivelig liten gruppepraksis midt i idylliske Vikedal sentrum. Gruppepraksisen består av to legeheimlar. Fastlegelista er godt etablert og har 1000 innbyggerar på lista. 

Me tilbyr:
Gode inntjeningsmuligheiter gjennom 8.2 avtale,der kommunen driftar legekontoret.

Kommunen kan vurdere anna driftform, som eksempelvis fastlønnsordning.

Ved ALIS stilling kan kommunen leggje til rette for kommunal tilsetjing, med overgang til sjølvstendig næringsdrift når ein er spesialist. 

Ein arbeidsplass med stor mulighet for fagleg utvikling, solid hjelpepersonell og gode lokaler.

Vindafjord kommune tilbyr ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning.
Legevakta er interkommunal med Etne kommune og har gode fasiliteteter samlokalisert med Ølen legekontor.

Nåverande fastlegar er sjølvstendig næringsdrivande med 8.2 avtale med kommunen. 

Hovudarbeidsoppgåver:
  • Fastlege oppgåver
  • Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt
  • 17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeidet
  • Kommune kan tilplikte  20% kommunale oppgåver i stillinga
Kvalifikasjonar:
  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
  • Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse – og omsorgstenest
  • Norsk autorisasjon
  • God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
  • Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg
  • Legekontoret og legevakta nyttar Hove total journalsystem/pasientsky.
  • Legen må ha førarkort og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar:
  • Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar
  • Du må ha evne til fleksibilitet, handlekraft,vera omgjengeleg og trivast med almennmedisinsk arbeid
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Me kan tilby:
  • Vindafjord kommune er godkjent som utdanningsvirksomhet
  • Kommunen tilbyr muligheit for spesialisering (ALIS)
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Legetenesta i Vindafjord kommune:
Kommunen har totalt 3 legekontor, (Vikedal legekontor,Ølen legekontor og Vindafjord legesenter.) Totalt 12 fastlegar + 1 Lis 1 lege.
Sjekk ut https://www.vindafjord.kommune.no/
For meir info om stillinga,ta kontakt med:
  • Maren T Hustoft 92482820 - Einingsleiar helse - Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
  • Terje Kleiven - tlf 93438664  - Terje@isvik.no
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Maren Tjelmeland Hustoft
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 92482820
E-post: Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
Navn: Terje Egil Kleiven
Telefon: 93438664
E-post: terje@isvik.no
Arbeidssted
Rådhusplassen 1
5580 ØLEN
Søk på stillingen