Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Klinikkdirektør, Klinikk for Somatikk Stord

Om stillinga:
Som klinikkdirektør vil du bli ein del av toppleiargruppa, der du saman med resten av føretaksleiinga, skal bidra til å løysa det felles samfunnsoppdraget vårt. Du vil rapportera til administrerande direktør.

Klinikk for Somatikk Stord omfattar medisinsk avdeling, kirurgisk avdeling, føde- og gynekologisk avdeling, akuttmottak og anestesi avdeling og avdeling for rehabilitering. Stillinga inneber ansvar for ein klinikk med omlag 500 medarbeidarar. Klinikkdirektør har totalansvar for klinikken, det inneber totalansvar for fag og kvalitet, personell, drift og økonomi.

Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein strategisk, synleg og trygg  klinikkdirektør som er oppteken av å utvikle og skapa resultat i samarbeid med andre. Du har høgare utdanning, relevant leiarerfaring frå komplekse verksemder og det vil vera ein fordel om du har erfaring frå spesialisthelsetenesta. Du må ha god forståing for verksemdsstyring, pasienttryggleik, kvalitets- og forbetringsarbeid. I tillegg er det viktig at du er komfortabel med budsjett- og økonomistyring.
Som leiar motiverer og inspirerer du dine tilsette til å skapa eit godt arbeidsmiljø og levere gode tenester.

Vi tilbyr
Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit helseføretak med dyktige leiarar og medarbeidarar. Du får gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar. Du vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utvikle spesialisthelsetenesta på heile Vestlandet, i tett dialog med dei andre helseføretaka – og det regionale helseføretaket.

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne uforpliktande og konfidensiell kontakt med rådgivarane våre i Habberstad, Hans Petter Karlsen, tlf. 93425743 og Bjørg Alvestad, tlf. 95765475. Administrerande direktør Anders Hovland kan òg kontaktast på telefon 93287565.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Søknadsfrist: 26.8.2024
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Hans Petter Karlsen
Tittel: Partner
Telefon: +4793425743
E-post: hans.petter.karlsen@habberstad.no
Navn: Bjørg Alvestad
Tittel: Partner
Telefon: +4795765475
E-post: bjorg.alvestad@habberstad.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Klinikk for Somatikk Stord
Tysevegen 64
5416 STORD
Søk på stillingen