Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Siste sjanse på ei stund? Din billett til "Nevrologiens botaniske hage" - "De åpne dørers avdeling" - lukt av rykande fersk kaffe frå Moccamasteren....

Du er nysgjerrig, analytisk og med eit godt fagleg skjøn. Velg deg difor eit fag med nye behandlingsmetodar, tett på indremedisin og geriatri, "hode-hals-faga", ryggkirurgi og psykiatri - og med eit spekter av sjukdomar som ein ser mykje i allmennpraksis. Likar du anamnestisk detektivarbeid og klinisk undersøking? Spinalpunksjon, nevrografi, EMG, EEG og biletdiagnostikk støttar opp om diagnosa.

Nevrologisk avdeling, Molde sjukehus, er einaste vaktberande nevrologiske avdeling i Møre og Romsdal med eit opptaksområde på 270.000 innbyggjarar. Vi har slagseksjon med eigen seksjonsoverlege, samt KNF-enhet.

Molde gir deg tilgang på både fjord, fjell og det urbane. 45 minutt med direktefly til både Oslo og Bergen, bynær flyplass. Sjukehuset ligg sentrumsnært, ingen pendling nødvendig. Eit moderne felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er innflyttingsklart på Hjelset ved Molde mai 2025, med bynær poliklinikksatellitt i "Høvdingbygget" og tverrfagleg ryggpoliklinikk i eigne lokalar. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av nevrologiske sjukdommar i sengepost og poliklinikk/ dagpost der du etter kvart får ditt eige "fordjupningsemne".
  • 10-delt vaktordning for LIS3, frå oktober 12-delt, 9-delt overlegevakt.
  • Du får innsikt i faget klinisk nevrofysiologi - kanskje ditt vegvalg på sikt?
  • Samarbeid med seksjonen sine fire kliniske nevropsykologar
  • Vurder gjerne deltaking i avdelinga si forskningsaktivitet....

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunskapar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført turnusteneste/ LIS1

 

Personlege eigenskapar

  • Systematisk, tydeleg og løysingsorientert
  • Meget gjerne erfaring frå allmennpraksis
  • Og ganske enkelt: Ein god kollega!

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Oppstart etter avtale.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: Ass. seksjonsleder
Telefon: 45851037
E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Navn: Bernd Muller
Tittel: Overlege nevrologi
Telefon: 91328053
E-post: bernd.muller@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologiske legar og klinisk nevrofysiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillingen