Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kinn kommune har ledig 2 fastlegeheimelar som sjølvstendig næringsdrivande ved Måløy legesenter. Heimelen er ledig for snarleg oppstart.

Legekontoret har 9 faste heimlar og ein LIS1 knytt til kontoret. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 - 60 år. Det er tre legar som er spesialistar i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering.  Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsfase kan det for legar i starten av spesialiseringa avtalast redusert listelengde ei periode. 

Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og brei faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.

Kontoret nyttar Infodoc EPJ og Convene betalingssystem.

Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i rådhuset i Måløy. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200 . Av desse er det om lag 5500 som bur i Måløy og omegn og som soknar til dette legekontoret. På rådhuset finn du også helsestasjon, barnevern, NAV, administrasjon og servicekontor.  

Arbeidsoppgåver
  • Fastlegepraksis 
  • Legekontoret har legevakt på dagtid kl. 08.00 - 16.00 måndag til fredag.
  • For legevakt på kveld, helg og natt er det etablert interkommunal legevakt, Nordfjord legevakt som lokalisert til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, (ca 45 min kjøretur frå Måløy). 
  •  Vaktbelastninga er i underkant av 3 vakter pr månad, fastløn.
  • Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldende avtaler.
Nordfjord legevakt har 5 kommunale ØDH/obs - senger som er samlokalisert og knytt til legevakta.
Vaktbelastning med eit gjennomsnitt på om lag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar, fastløn. Legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar i 3-delt vakt.

Kvalifikasjonar
  • Interesse for allmennmedisin
  • Gyldig norsk autorisasjon
  • Gode norskkunnskaper både skriftlig og munnleg
  • Ferdig med LIS 1 - tjeneste og som har byrja på eller ferdig med spesialiteten i allmennmedisin
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Pasienten i fokus
  • Bidrar til positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Varierte fastlege oppgaver
  • Godt tverrfaglig samarbeid
  • Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling
Tilrettelegging for spesialistutdanning, ALIS- tilskot

Driftsavtalen med kommunen er ein null- avtale der kommunen driftar praksis ( kontorlokale, utstyr og hjelpepersonale 5,6 årsverk) i byte mot per capita tilskotet.
Lønn for offentlig arbeid etter lokal særavtale

Lønn for offentlig arbeid etter avtale.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Kontaktpersoner
Navn: Christel Midtgaard Angelshaug
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 99044655
E-post: christel.midtgaard.angelshaug@kinn.kommune.no
Navn: Katrine Holvik Skinlo
Tittel: Tenesteleiar
Telefon: 97531483
E-post: katrine.holvik.skinlo@kinn.kommune.no
Arbeidssted
Måløy Legekontor
Gate 1 64
6700 MÅLØY
Søk på stillingen