Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig årsvikariat som LIS2 i generell kirurgi med moglegheit for forlenging/fast stilling: 

  • 100% stilling med oppstart 01.08.2024 eller etter avtale 

Kirurgisk avdeling ved FSS er ei aktiv avdeling med følgjande spesialitetar: Urologi, gastroenterologisk kirurgi, akutt- og generell kirurgi, plastikkirurgi, bryst- og thyreoideakirurgi. Noe karkirurgisk virksomhet.

Det er 7 stillingar for LIS2/3 med 7-delt tilstadesvakt bak LIS1 med overlege i tertiærvakt.

Avdelinga har godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom alle legar både over- og underordna og med pleiepersonalet.
Avdelingssjef er næraste overordna.

Meir informasjon om Helse Førde finn du her.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid på sengepostar, poliklinikk og operasjonsstove  
  • Bidra til progresjon og forventa utvikling i eige utdanningsforløp
  • Bidra fagleg gjennom undervisning, rettleiing og teamarbeid
  • Delta i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg administrativt arbeid
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med interesse for kirurgi. Må ha gjennomført LIS1
  • Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide i team

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein kollega som har gode samarbeidsevner, er fleksibel, pliktoppfyllende og arbeidsom
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt  
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Sjukehuset hjelper til med å skaffe bustad
  • Rettleiar under spesialistutdanninga
  • Eit stimulerende arbeidsmiljø, sterkt fokus på praktisk opplæring og undervisning
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Godt samarbeid med andre avdelingar og klinikkar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Frøydis Hustveit
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 906 90 835
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde